Oslo Middelalderfestival 2024

Vyrde medlemmer,
Det er snart festivaltid! Fyrst ut er Oslo Middelalderfestival på Akershus festning!

Dato: 31.mai-2.juni
Påmeldingsfrist: 1.mai

Tradisjonen tru har me ansvar for bogeskyting med publikum, i tillegg til at det trengs folk til å passa leiren og til matlaging. Dette er ein kjekk tur, med bålkos på kvelden, felles mat og hyggeleg leirliv. Me håpar flest mogleg vil bli med! Påmelding finn du nederst.

Me pakkar telt, kjøkkenutstyr og bogebana, samt anna pikk og pakk i tilhengaren tysdag  28.mai, og køyrer nedover fredag 31.mai. Me riggar leiren saman, slik at me kan få opp alle telta før det vert mørkt. Me tek med med foreningstelt til kjøkkenet og til å bu i, men har du eige telt er du velkommen til å ta det med.

Det er begrensa parkering, så me fyller bilane så godt me kan. Sei frå om du vil køyra eller sitja på. 

Foreninga stiller med mat fredag kveld, frukost, lunsj og middag på laurdag, samt frukost og lunsj på søndag. Det vil stort sett vera kaffi og te tilgjengeleg i leiren. 

Bogeskyting kan lærast ved osmose, men me sørger sjølvsagt  for at alle som står på bogebana får opplæring i korleis hindra folk i å skyta seg sjølv og andre. Kanskje treff dei blinken og.

Har du lyst til å bli med? Fyll ut skjemaet under, så får du bekrefting frå styret i løpet av eit par dagar. Purr på Kari Lovise om du ikkje høyrer noko.

Ver obs på at skjemaet sender automatisk dersom du trykker på enter-knappen.

 

Påmelding