Oslo Middelalderfestival 2026
Vyrde medlemmer,
Det er snart festivaltid! Fyrst ut er Oslo Middelalderfestival på Akershus festning!
Dato: 29. mai-31. mai
Påmeldingsfrist: 1. mai
Me skal som vanleg driva bogeskyting med publikum, men me får backup frå langbogelaget, så me kan dela på arbeidet. I tillegg trengs det folk til å passa leiren og til matlaging. Dette er ein kjekk tur, med bålkos på kvelden, felles mat og hyggeleg leirliv. Me håpar flest mogleg vil bli med! Påmelding finn du nederst.
Me pakkar telt, kjøkkenutstyr, bogebana samt anna pikk og pakk i tilhengaren tysdag 26. mai, og køyrer nedover fredag 29.mai. Me riggar leiren saman, slik at me kan få opp alle telta før det vert mørkt. Me tek med med foreningstelt til kjøkkenet og til å bu i, men har du eige telt er du velkommen til å ta det med.
Det er begrensa parkering, så me fyller bilane så godt me kan. Sei frå om du vil køyra eller sitja på, så me veit kor mange bilar me har tilgjengeleg. Foreninga dekkar køyring av foreningsutstyr, og dei andre bilane gjer opp seg i mellom.
Foreninga stiller med mat fredag kveld, frukost, lunsj og middag på laurdag, samt frukost og lunsj på søndag. Det vil stort sett vera kaffi og te tilgjengeleg i leiren.
Bogeskyting kan lærast ved osmose, men me sørger sjølvsagt for at alle som står på bogebana får opplæring i korleis hindra folk i å skyta seg sjølv og andre. Kanskje treff dei blinken og.
Har du lyst til å bli med? Fyll ut skjemaet under, så får du bekrefting frå styret i løpet av eit par dagar. Purr på Kari Lovise om du ikkje høyrer noko.
Ver obs på at skjemaet sender automatisk dersom du trykker på enter-knappen.