Ny haust!
Sommaren klorar seg fast, medan medlemmer dreg på/planlegger eigne turar til Veien (NM i historisk bogeskyting), Lillestrøm (Gjallarstadir Vikinmarked 6.-7. september) og Trondheim (Trondheim Middelalderfestival 12.-13. september). Det har vore vikingar frå foreningen i Gudvangen i sommar, og folk har snubla over smått (Odderøya) og stort (Borre) av marknader i moderne og sikkert mindre moderne klede.
Program for den neste månaden ser slik ut:
Tysdag 25.august - Bogeskyting på Domkirkeodden kl 18.00. Me hentar bogar og piler på lageret skulle du mangla
Tysdag 1.september - Medlemskveld Drengestukjellaren, klokka 18.30
Tysdag 8. september - Medlemskveld Utvandrermuseet, klokka 18.30
Tysdag 15.september - Medlemskveld Drengestukjellaren, klokka 18.30
Tysdag 22. september - Medlemskveld Utvandrermuseet, klokka 18.30
Tysdag 29.september - Medlemskveld Drengestukjellaren, klokka 18.30
Det jobbast med å få til ei arbeidshelg for dei som ynskjer det i løpet av september, kjem meir info seinare.