Påmelding til arbeidshelg

Den 26.-27.oktober inviterer me til handarbeidshelg på Utvandrermuseet.

Me gjer som i vår, tek med det me har lyst til å jobba med og syr i kor. Det er framleis ein del stoff til hoser igjen, om nokon har lyst å sy seg eit par, er det berre å ropa ut. Det er sjølvsagt lov til å ta med anna handarbeid enn syprosjekt, eller berre koma innom for å helsa på, ta ein kaffi og la drøsen gå.

Dersom du ikkje har stoff å sy av (eller er stoffavhengig) kjem det til å ligga stoffprøver og lister frå Skaar tekstil på medlemsmøtene 1. og 8. oktober, slik at me kan køyra fellesbestilling og spara litt penger på frakt.


Me legg opp til at alle tek med ein type pålegg og så stiller foreninga med brød, kaffi og te.

Påmelding innan onsdag 23.oktober, så me veit kor mykje brød og kaffi som må skaffast.