Påmelding vårfest
Arbeidshelg og vårfest
14.-15. mars 2026
I samband med årsmøtet 14.mars (klokka 17) ynskjer me å ha arbeidshelg og vårfest for å samla flest mogeleg av foreninga til litt meir enn berre årsmøte.
Våren er her!
Det vert duka til vårfest etter årsmøtet. Kle deg opp i dine fjongaste klede, fasten er her og den skal me ignorera. Kjøkkenet byr på eit utval rettar frå og inspirert av middelalderen, så finn fram bollar og fat, eit fancy glas eller ein kopp og litt bestikk og nyt kvelden med oss.
Ta med eiga drikke og eigne spiseartiklar. Vel møtt!
Påmelding til vårfest finn du nederst på sida her.
Påmeldingsfrist måndag 9.mars
Arbeidshelg
Laurdag
Skal ein ha fest lyt nokon arbeida litt, og me har lyst til å samla dei som er interesserte til ein dag med middelaldermat på laurdag for å leita gjennom oppskrifter og sjå om me kan setta saman eit bord med festmat verdig dronning Margrete.
Lyst å ta eit litt djupare dykk inn i middelaldermaten enn me gjer på marknad? Bli med og lag ein middelalderfest!
Plan for dagen: Gå gjennom kokebøkene, finn middelaldermat me har lyst til å laga, lag handleliste, dra på handletur, lag mat. Server! Hurra!
Oppmøte på utvandrermuseet klokka 10
Søndag
Vanleg handarbeidsdag, ta med det du vil jobba med og jobb med det. Har du eit par sko du syr på? Piler som treng omsorg? Ei korg å fletta? Har du klyppeangst? Treng du inspirasjon? Lyst å berre henga med foreninga? Kom kom!
Klokka 10 og utover