Påmelding til kurs: Stråhatt
Me ynskjer å legga til rette for at alle medlemmene i foreninga skal kunna stilla godt kledd og klare for all slags vêr neste sesong. Solbrente nakkar og naser er eit kjent syn både i Oslo og på Hamar, det vil me til livs. Me har difor hyra inn Linda Öhman frå Handcrafted History for å læra oss å laga eigne stråhattar laurdag 7. november på Utvandrermuseet.
Kurset tek ein dag, så me har moglegheit til å dela opp i to grupper og ha ei ekstra gruppe søndag 8. november skulle det vera mange som melder seg på, men då må me veta omtrent kor mange kunne tenka seg å vera med. Køyrer difor interessepåmelding med veldig kort frist.
Dette er ikkje bindande, så det kjem ein bindande påmelding seinare
Påmeldingsfrist: 6.oktober
Fleire detaljar kjem i eigen mail når det nærmar seg.