Påmelding vinterfest og arbeidshelg

Arbeidshelg og vinterfest

15.-16. februar 2025

I samband med årsmøtet 15.februar ynskjer me å ha arbeidshelg og vinterfest for å samla flest mogeleg av foreninga til litt meir enn berre årsmøte.

Vinterfest

Det vert duka til vinterfest etter årsmøtet. Kle deg opp i dine fjongaste klede, jula er over, snart skal det fastast! Kjøkkenet byr på eit utval rettar frå og inspirert av middelalderen, så finn fram bollar og fat, eit fancy glas eller ein kopp og litt bestikk og nyt kvelden med oss.

Ta med eiga drikke og eigne spiseartiklar. Vel møtt!

Påmelding til arbeidshelg og vinterfest finn du nederst på sida her.

Påmeldingsfrist søndag 09.februar


Arbeidshelg

Skal ein ha vinterfest lyt nokon arbeida litt, og me har lyst til å samla dei som er interesserte til ein dag med middelaldermat. Arbeidshelga blir difor i år delt mellom dei som har lyst til å laga mat og dei som vil driva på med handarbeid og andre interesser. Gruppe 1, kjøkkengjengen får ansvar for å setta saman ein meny og laga mat til vinterfesten, medan gruppe 2, handarbeid etc får ansvar for å halda kaffien i gong samt rigging av lokalet til eit hyggeleg årsmøte og ein fin fest.

Gruppe 1) Kjøkkengjengen

Lyst å ta eit litt djupare dykk inn i middelaldermaten enn me gjer på marknad? Bli med og lag ein middelalderfest!

Plan for dagen: Gå gjennom kokebøkene, finn middelaldermat me har lyst til å laga, lag handleliste, dra på handletur, lag mat. Server! Hurra!
Oppmøte på utvandrermuseet klokka 10

Gruppe 2) Handarbeid med meir

Vanleg handarbeidshelg, ta med det du vil jobba med og jobb med det. Må pakka ned før årsmøtet laurdag, men kan fortsetta søndag. Har du eit par sko du syr på? Piler som treng omsorg? Ei korg å fletta? Har du klyppeangst? Treng du inspirasjon? Lyst å berre henga med foreninga? Kom kom!
Me riggar og pyntar lokalet til vinterfest!